Med prosjektet "FILMMUSIKK" har Osterøykoret nok ein gong flytta grensene for kva som er mogeleg for eit bygdakor å gje seg i kast med! Her er me i ei verd som er like stor og variert som filmhistoria er minneverdig og fengslande. For kven hugsar ikkje store filmaugeblikk berre ved å høyre ein musikkstrofe?
Ja, kven hugsar ikkje dette lydbiletet (video frå øving), i alle fall dei som har levd ei stund! Stikkord: Clint Eastwood i ville vesten.
Og med "filmkonseptet" dukkar kjensla av å vere med på noko spanande og spektakulært opp... Me slær på stortromma og inviterer til "premierefest" med heile 5 konsertar. Før kvar konsert rullar me ut den raude løparen ved inngangen til aulaen på Osterøy ungdommskule, og tek imot publikum med entusiasme, glitter og glam.
Hjarteleg velkommen til "You must remember this". Me vonar det vert ei glad og forfriskande oppleving.
Sjå plakatar og annonsering i Bygdanytt. Lenger nede på sida finn du direktelenke til billettsalg for kvar konsert på TicketCo. Billettpris kr. 250,-. Det er også mogeleg å kjøpe billett ved inngangen. Born i skulealder til og med 7. klasse - gratis.
Konsertar:
You must remember this, onsdag 31. mai kl 19:00
You must remember this, torsdag 1. juni kl 19:00
You must remember this, fredag 2. juni kl 19:00