Ein musikal for liten og stor.
Dette er historia om vesle Mowgli som veks opp hjå ein ulveflokk i jungelen i India. Mowgli har fått mange vener i jungelen, og bestevenene er bjørnen Baloo og panteren Baghera. Venene og ulveflokken lærer Mowgli alt han må vite for å klare seg i jungelen, for i jungelen lurar farer det ikkje er lett for ein liten «menneskekvalp» å verge seg mot. Den store, farlege tigeren Shere Khan er alltid på jakt, og slangen Kaa og apekongen Loui er heller ikkje til å stole på. Etter kvart som Mowgli sin utforskartrong når nye høgder, finn venene Baloo og Baghera ut at dei må overtale han til å forlate jungellivet og flytte attende til den trygge landsbyen han ein gong kom frå.
I februar vart det halde audition for å finne born til dei einaste rollane som ikkje er dyr i denne histora, Mowgli og Mira. Dette var eit samarbeid med Kulturskulen og barneskulane i Osterøy.
Hovudrollar
Mowgli: Margrete Sørheim / Hilja Gjelsvik (ulike dagar)
Mira: Patricia Alxandra Barnato / Heidi Barnato (ulike dagar)
Baloo: Siri Vevle Lavik
Baghera: Anne Lise Edvardsdal
Shere Khan: Kari Hauge
Kaa: Hild-Marit Flesland
Tabaqui: Torhild Meyer
Lulu: Hege Emilie Flakne
Raksha: Annveig Solberg
Gråbror: Ole Edvardsdal
Tara: Solveig L. Bruvik
Kong Loui: Arild Beckstrøm
Klikk på lenke under for å kjøpe billettar:
Kjøp billett til premiere onsdag 18.oktober kl.18:00
Kjøp billett til forestilling torsdag 19.oktober kl.18:00
Kjøp billett til forestilling fredag 20.oktober kl.18:00