Me har øving kvar torsdag kveld på Hauge Skule kl. 18:45 - 21:30. Kom innom om du lurer på å verta med å syngja med oss. OBS: Pga. Covid 19 og etter gjeldande smittevernreglar, vart øvingslokalet på Hauge skule for lite for oss. Øvingane hausten 2021 vart flytta til aulaen på Valestrand skule.

På Hauge skule har me tilgong til sal med scene, og til klasserom og kjøkken. Klasseromma nyttast til gruppeøvingar, arbeidsmøte, styremøte og det me elles må ha bruk for separate rom til. Akustikken i øvingssalen er god og omgjevnadane elles fine og trivelege.