I tillegg til vedlagte musikal-sponsorpakke er me interessert i å knytta til oss ein hovudsponsor for musikalen. Dette etter nærare forhandlingar om pris og gjenytingar/profilering.

Osterøykoret slår på stortromma i 2017 og har sikra seg rettane til å setja opp musikalen «Jungelboka». Det vil bli sett opp 4 planlagte framsyningar på Osterøy Ungdomsskule i oktober. Der håper me å nå tilsaman 1000 publikummarar. Dette er ei familieforestilling.

Me har allereie øvd på musikalen i lang tid, og det vert gjort eit omfattande arbeid med kulisser, kostyme, regi, sminke, promotering, og ikkje minst øving på musikalen der alle i koret deltek. I tillegg er det ei handfull unge skodespelarar, som me har rekruttert med audition, som spelar sentrale rollar i stykket. Vår dyktige dirigent Jon Flydal Blichfeldt har gjort ein stor jobb med å arrangera songar i musikalen om til 4-stemt kor-arrangement. Samtlege kormedlemmar har óg medverka i eit ganske omfattande arbeid med å omsetja all song og tale til dialekt. Det vert engasjert dyktige lokale musikarar til orkester under musikalen.

Alt dette kostar pengar, og koret er avhengig av støtte utover billettinntekter for å kunna setja opp eit så bra show som me ynskjer. Me innbyr difor di bedrift vil vera med på dette prosjektet som me håpar og trur blir ei stor kultur-hending på Osterøy i 2017.