Biletet er teke på 70-talet. Den gongen heitte koret Hauge Songlag.
Osterøykoret vart skipa i 1914 med namnet Hauge songlag. Det var eit lokalt kor for Hauge-krinsen på Osterøy. Lars Hauge var dirigent for koret fram til 1947. Repertoaret i desse åra var for det meste religiøse og nasjonalromantiske songar. Koret song ved lokale tilstellingar og ved gudstenester i Gjerstad kyrkje, men deltaking på songarstemner rundt i Nordhordland var noko laget øvde mot og såg fram til.
Då Knut Vevle overtok som dirigent i 1955 fekk koret eit stort oppsving med medlemer frå andre stader på øya, og kvaliteten auka. Hauge songlag vart kjent for god korklang. I 1973 deltok koret på ein Bachkonsert i Hamre kyrkje som vart sendt i fjernsynet.
Bjørn Berentsen tok over koret i 1978, og etter kvart vart det ei radikal omleggjing av både repertoar og aktivitetsnivå. Koret framførte fleire samansette program med m. a. Prøysen- og Taube-songar. Eit Negro spirituals-program baud på utfordringar for songarar som aldri hadde lært engelsk. Berentsen knytte og til seg musikalske medarbeidarar som Per Indrehus og Marianne Juvik Sæbø.
Bjørn gav seg etter 11 år, og etter nokre mellomår byrja Helge Riise som dirigent i 1992. Med han kom popen inn i koret. I hans tid dreiv koret ei utstrekt turneverksemd med m. a. dei musikalske showa "Hannigan's House" og "Kåbbåy, kåbbåy". Her fekk mange koristar prøva seg som solistar. I denne tida byrja og koret med eigne julekonsertar, i tillegg til den tradisjonelle konserten i Gjerstad kyrkje saman med Osterøy janitsjar. I 2002 endra koret namn frå Hauge songlag til Osterøykoret.
Etter 19 år var det slutt på Helge Riise si tid i koret, og i 2011 tok Jon Flydal Blichfeldt over som dirigent. Han legg stor vekt på stemmebruk, samklang og dynamikk. Med Jon som dirigent har koret delteke i fleire korkonkurransar, og Osterøykoret har to gonger vunne sin klasse i "Syng for oss" i Bergen. Hausten 2017 sette koret opp musikalen "Jungelboka". Jungelboka vart koret sitt store løft i nyare tid. Etter mykje hardt arbeid hadde musikalen premiere i oktober, og vart ein stor suksess for koret med 4 fulle hus i Aulaen på ungdomsskulen.